Eg laga ei skisse av eit nytt utsnitt, og utfrå den skissa måla eg ei måleri med akvarellfargar. Eg skisserte mønet på huset og elles svært lite før eg starta med målinga. Dette er ein heilt ny teknikk for meg. Synest det var vanskeleg å vite kor mykje vatn eg skulle ha, og var redd for at det skulle flyte saman for mykje. Det motsatte vart vel heller resultatet :)
Dette er ein blogg for dokumentasjon av arbeidsprosessar, tankar og idear i forming, kunst og handverk på førskulelærarstudiet. Bloggen skal berre innehalde faglege refleksjonar, og vise noko av det vi/eg held på med i faget. Eg vil og legge inn erfaringar med bruk av dette i barnehagen.
onsdag 27. oktober 2010
søndag 17. oktober 2010
Overføringsverdi.
Her vil eg vise litt av det vi lærte på sist samling, i veke 38, overført til arbeid i barnehagen. Dette meiner eg er viktig for oss som studentar, at vi ikkje berre utviklar oss sjølve, men samtidig også brukar det i arbeidet med borna.
Sidan eg jobbar på småbarnsavdeling måtte det forenklast mykje, men det vart eit bra resultat, og borna hadde det kjekt. Vi brukte collage-teknikk, - med silkepapir som vi krølla saman til små "tottar". Desse limte vi på ark, der vi på førehand hadde teikna ein sirkel. Her innførte eg uttrykket sirkel frå fagområde tal, rom og form.
Det vi endeleg fekk som resultat av arbeidet var smilefjes. Dette passa godt sidan vi også arbeider med følelsar, og dukker med ulike uttrykk i ansikt og kropp.
Her ser vi korleis dette barnet på 2 1/2 år har laga smilefjes med collageteknikk.
1. eksamensoppgåve
Oppgåva går ut på å lage eit todimensjonalt arbeid i sjangeren kunstbilete.
Som utgangspunkt skal vi bruke eit kunsbilete, utforske og studere dette med omsyn til formalestetiske verkemiddel.
Eg har valt bilete "Landeveien" av Harald Sohlberg (1869 - 1935).
Han måla mykje frå Rondane, Røros, og frå Oslofjorden. Bileta hans er kjenneteikna av fargar, ofte sterke fargar, som han sjølv opplevde ut frå sinnstemningar. Dette vil eg kome attende til seinare.
Dette bilete som eg har valt å jobbe med utmerkjer seg med sterke fargar. Det gjev assosiasjonar til kveld og den norske landsbygda. Det er eit landskapsbilete med tydeleg perspektiv.
Det eg tenkjer om å arbeide med dette bilete er at eg vil prøve ulike teknikkar.
Eg har hittil laga skisse av eit utsnitt av bilete. Dette har eg laga eit naturbilete av. Eg samla ulike materiale i naturen og pressa dei for å unngå at dei vart krølla og tørka inn. Som bakgrunn måla eg himmelen og fjella lengst bak. Til dette brukte eg akvarell-farge og trelim.
Det vart fleire prosessar for å bli feredig med dette, og eg er spent på kor holdbart det er.

![]() |
Her er eg ute og samlar materiale. Blad av Storkenebb her. |
![]() |
Her er bilde. Er bra fornøgd når eg ser det på avstand. |
søndag 10. oktober 2010
Gruppearbeid som gav flotte resultat
Vi benytta to ulike teknikkar, og fekk to reproduksjonar med nytt uttrykk i forhold til det originale kunstbildet.
For å lage det fyrste, som var i pop-art-stil, av Roy Lichtenstein, brukte vi ein collageteknikk der vi klipte eller reiv frå ukeblad/aviser. På denne måten fekk vi eit spesielt uttrykk. Sidan vi lagde ein bit kvar (16 stk) vart det også litt skilnad frå bil til bit, som gjorde det spennande å sjå det ferdige resultatet.
Det andre var eit kunstbilete av Håkon Gullvåg. Her hadde vi fleire valgmogelegheiter: Lime på ulike papirmaterialer, måle oppå, og få fram overgangane. Dette var spennande.
Abonner på:
Innlegg (Atom)