søndag 16. januar 2011

Frå stjernevrimmel til hattemakeri!

I veke 44 fekk vi i kunst/handverk ei innføring i stjerner og litt om deira ulike former og symbolverdiar, før vi fekk prøve oss på skisser av stjerner. Vi hadde på førehand teke med ei mengde "søppel" som vi skulle bruke, til å lage stjerner. Her var det berre å ta i bruk det vi hadde, koble inn kreativ tenking og få det til å likne på stjerner!


Her er mine stjerner.
Den lille laga av strå og bommulstråd,
og den store laga av popcornbeger, ananasboks,
silkepapir og plastbeger.



Vi hadde også land-art der vi laga stjerner ute,
 av det vi fann på nærområde









På samlinga i veke 2 hadde vi hattar som tema i samband med kunst/handverk i 3D.  Sjølvsagt gjekk det med liv og lyst i denne muntre gjengen! Kreativiteten var stor, og ingen hattar var like. Her er mine eksemplar.
     
Hatteproduksjonen vår inspirerte meg til å prøve dette også med borna i barnehagen. Enkle variantar kan dei nok greie sjølve, og med litt tilrettelegging også meir krevande. Dei kan i alle høve gjere mykje sjølve ved å dekorere, og å bli engasjerte i korleis det skal sjå ut. Eg trur det kan bli mykje moro uta av å prøve dette. Kanskje kunne eg ta med nokre variantar som dei kunne bli inspirerte av, og sjølvsagt vil eg legge fram utstyr som trengs. Borna likar svært godt å kle seg ut, og å ha på seg parykkar og hovudplagg er ekstra enkelt for dei minste. Dette må berre prøvast!!

Kolstift var moro!

Prøvde meg på same utsnittet som sist, denne gong med kolstift. Dette vart eg overraska over. Det ga så tydelege utslag på lita endring, og var enkelt å endre/ta vekk og prøve seg fram med.


lørdag 8. januar 2011

Fleire teknikkar!

Eg trur no eg har funne det utsnittet eg vil satse på...
Har prøvd det som blyantteikning, akryl på lerret og som collage.
Svært ulike teknikkar, og det var spennande å sjå dei ulike resultata med ulike uttrykk!

 

Over her er akrylmåleri på lerret,
og til venstre ein collage av det same utsnittet.
Eg er veldig fornøgd med resultatet av collagen ,
- vart overraska når eg etter fleire timars arbeid såg
korleis det vart "heilt av seg sjølv"...
Men kva teknikk eg skal bruke på det endelege
arbeidet har eg ikkje bestemt...

Ulike uttrykk, - prøvar meg fram...

Sidan sist eg la inn noke nytt her på bloggen har eg gjort forsøk med ulike teknikkar. Planane har lege klar, og no gjenstår å vise kva eg har fått ut av dei.
Eg har laga eit tekstilbilete av eit utsnitt eg tidlegare hadde laga skisse av. Erfaringa med tekstilbilde var god, men det er tidkrevande, særleg dersom det er mykje detaljar. Ein kan i grunn gjere så mykje ein vil av det. Det eg har laga er for å prøve teknikken, det kunne vore gjort mykje meir detaljert og dermed fått fram meir i framgrunnen der bilete verkar litt "flatt".