Denne samlinga hadde vi fokus på skapande kreativt arbeid. Kva det betyr, og at det å fremje kreativiteten til barna er svært viktig. Det er med på å halde ved like den naturlege, medfødde, nysgjerrigheita og kreativiteten. Den trengs på mange ulike område i framtida. Ikkje berre på fagområde der vi naturleg koblar kreativitet inn, men også til dømes innan næringslivet.
For å øve oss på det å bli inspirert til kreativt arbeid hadde vi ulike oppgåver. Vi skulle assosiere ulike ord til farge, eller eit ord (utgangspunkt).
Påfølgande oppgåve var å lage noko av plastelina. Her laga mi gruppe blomster, ut frå orda "vår" og "lukt". Deretter skulle vi lage eit rom som skulle "innreiast" ut frå orda vi hadde fått ned på eit ark, her hadde vi utgangsordet: SPIR.
Eit slott har tårn med spir. I slottet lever prinsen og prinsessa i sitt "kjærlighetsrede". Blomster, hjerter, seng, stjerne og vakkert bilde på veggen symboliserer deira lykke.
Inspirert av ordet SPIR.
Eg har reflektert over at vi må gje borna tid til å bli inspirerte. Ikkje alltid seie kva dei skal lage, men gje dei høve til å boltre seg i materiale og lage det dei finn på utfra ei historie eller eit tema. Hjelpe dei for å lære å meistre ulike teknikkar må vi derimot gjere. Vise dei, og la det også vere ein inspirasjon.