Stein er skattar for mange born! I praksisbarnehagen hadde nokre jenter stort arbeid med å finne stein, vaske dei, og "samle" på dei når dei endeleg dukka opp frå snøen.
Det å bruke stein til å lage noko av kan vere nærliggande. Dramapedagogen Malcolm Ross (1978) knyter leik nær til born si skaping (Buaas, 2009). Ein kan seie at leik og skapande verksemd påverkar kvarandre. Kunnskap om korleis ein ved hjelp av teknikk og handverk kan gjere noko/ lage noko med eit materiale gjev impuls til skapande verksemd.Rammeplanen seier: "Barn tolkar inntrykka sine og skaper meining ved å leike og gi form til det dei er opptekne av" (Rammeplan, 2006:30).
Stein kan vere utgangspunkt for skapande verksemd av mange slag. Slik eg har brukt den kan og borna bruke den (litt forenkla), og den kan brukast å lage utallige figurar av ved hjelp av kun måling, lim(?) og fantasi - omsett til kreativt arbeid. Også til LandArt er stein eit materiale som er lett å finne, og som er gratis.
![]() |
Stein, med ulik form, farge og overflate. Skattar for mange barn. |
Med stein kan ein lage mønster, smått eller stort. Berre fantasien set grenser! Eit godt, naturleg medie som via sansane våre gjev oss impulsar til kva vi kan lage ved hjelp av teknikk og handverk.