mandag 9. mai 2011

Frå leik til skapande verksemd

Materialvalget mitt i 3D-oppgåva kan absolutt ha overføringsverdi til arbeid i barnehagen.
Stein er skattar for mange born! I praksisbarnehagen hadde nokre jenter stort arbeid med å finne stein, vaske dei, og "samle" på dei når dei endeleg dukka opp frå snøen.
Det å bruke stein til å lage noko av kan vere nærliggande. Dramapedagogen Malcolm Ross (1978) knyter leik nær til born si skaping (Buaas, 2009). Ein kan seie at leik og skapande verksemd påverkar kvarandre. Kunnskap om korleis ein ved hjelp av teknikk og handverk kan gjere noko/ lage noko med eit materiale gjev impuls til skapande verksemd.Rammeplanen seier: "Barn tolkar inntrykka sine og skaper meining ved å leike og gi form til det dei er opptekne av" (Rammeplan, 2006:30).
Stein kan vere utgangspunkt for skapande verksemd av mange slag. Slik eg har brukt den kan og borna bruke den (litt forenkla), og den kan brukast å lage utallige figurar av ved hjelp av kun måling, lim(?) og fantasi - omsett til kreativt arbeid. Også til LandArt er stein eit materiale som er lett å finne, og som er gratis.
Stein, med ulik form, farge og overflate. Skattar for mange barn.
Med stein kan ein lage mønster, smått eller stort. Berre fantasien set grenser! Eit godt, naturleg medie som via sansane våre gjev oss impulsar til kva vi kan lage ved hjelp av teknikk og handverk.

fredag 6. mai 2011

Så jobbar eg vidare!

Etter at veggane var ferdige fann eg ut at det måtte vere eit slag tak på, elles ville det kome til å sjå rart ut. Eg laga ei ramme av breie lister som eg limte saman. Så la eg på netting. Opp på dette laga eg mønster av stein og mørtel. Blomster er også ein link til Notre Dame-katedralen, då der øvst i nokre av vindua er blomster. Eg fekk merke at det var naturmateriale eg jobba med: ikkje like store stein og veldig runde... Det vart ikkje heilt symmetrisk og beint, men til saman eit tilfredsstillande resultat. Etter at taket var ferdig fann eg ut at der må vere ein slag kant eler gjerde rundt det flate taket. Det brukar jo å vere det på slike tårn. Det blir ei utfordring å finne ut kva det skal lagast av...



Så var det vindusopningane. Eg laga rammer til å sette inn, av oasis, og har planen klar for korleis eg skal få til dette. Håpar berre at den fungerer! Vindu skal ha motiv med inspirasjon frå dei fire elementa. I antikken trudde dei at verden var oppbygd av desse fire; ild, luft, jord og vatn. Sjølv om vitenskapen var komen lenger, også då Notre Dame-katedralen vart bygd, kan desse jordnære symbola stå som linkar mellom det verdslege og det religiøse som kyrkjebygningar representerer.  Elementa er heller ikkje ukjende i religiøse samanhengar.

torsdag 28. april 2011

Prosess




Det som inspirerte meg ved Notre Dame-katedralen  var buane i vindua, elegante sjølv om det er solid, tungt materiale, og glassmaleria; fargesterke og detaljerte, - ein detaljert liten del av den store katedralen. Søylene ser slanke og detaljerte ut sjølv om det er store dimensjonar, og steinen i bygningen ser glatt ut.
Fyrste tanke var å mure relativt fritt.  Dette prøvde eg, men fann det vanskeleg å få det
 nøyaktig nok til å setje inn vindusopningane, som er linken til bilete av Notre Dame-
 katedralen. Det var dessutan vanskeleg å få det stabilt nok, sidan steinane er relativt
 runde.  


Eg bestemte meg så for å lage veggar i tre bak, og så forblende veggane med stein,
festa med mørtel. For å hindre at det skulle falle av brukte eg netting som vart stifta fast på
 treveggane.  Når eg starta å mure fast stein tok eg ein vegg av gongen, og let det tørke før eg tok neste.

lørdag 23. april 2011

Ulike teknikkar i arbeid med barn

I praksisbarnehagen fekk eg prøve ut ulike teknikkar i forbindelse medformingsarbeidet til påskemarkeringa. Vi laga Jesu grav der vi nytta collage i ulike materialer. Sjølve grava laga vi av "isoporstein", ein liten assosiasjon her til 3D-arbeidet mitt der stein er materiale. Akkurat i dette arbeidet vart det imidlertid eit todimensjonalt produkt. Barna var ivrige, sjølv om det tok nokså lang tid før vi vart ferdige med å lime på alle steinane. Her ser de resulatatet.

søndag 10. april 2011

Endeleg kom eg i gang...

Snøen er borte og under den fann eg det eg vil prøve å lage 3D arbeidet mitt av. I dag har eg gjort eit forsøk, og funne ut forskjellige hjelpemiddel eg må ta i bruk.


Elvestein


Berre ein liten prøve.....

Eg brukar stein frå Lågen, lokalt naturmateriale. Det eg erfarte ved dei to små prøvane eg laga i dag var at eg må ha forstøtning bak slik eg har her. Elles må eg bruke ein slag lim. Her brukar eg mørtel. Linken til Notre Dame katedralen har ikkje inntrådt ennå. Det må eg prøve neste gong....

fredag 8. april 2011

På tide med ei oppdatering

Praksisperioden er hektisk, men det betyr ikkje at eg ikkje tenker.... Materiale eg har valt til 3D-oppgåva har lege under snøen til no, så det har drøya før eg kunne kome i gang. Skisse og mal har eg laga, og planane er klare.
Utgangspunktet mitt er Notre Dame katedralen i Rouen - Frankrike, med sine karakeristiske vindu.
Dessverre får eg ikkje til å legge inn bildet av det.....


Førebuing

Eit landskap tek form

2D -oppgåva ser eg meg som ferdig med. Bilde av prosessen her.

søndag 13. februar 2011

Skapande kreativt arbeid

Denne samlinga hadde vi fokus på skapande kreativt arbeid. Kva det betyr, og at det å fremje kreativiteten til barna er svært viktig. Det er med på å halde ved like den naturlege, medfødde, nysgjerrigheita og kreativiteten. Den trengs på mange ulike område i framtida. Ikkje berre på fagområde der vi naturleg koblar kreativitet inn, men også til dømes innan næringslivet. 
For å øve oss på det å bli inspirert til kreativt arbeid hadde vi ulike oppgåver. Vi skulle assosiere ulike ord til farge, eller eit ord (utgangspunkt). 
Påfølgande oppgåve var å lage noko av plastelina. Her laga mi gruppe blomster, ut frå orda "vår" og "lukt". Deretter skulle vi lage eit rom som skulle "innreiast" ut frå orda vi hadde fått ned på eit ark, her hadde vi utgangsordet: SPIR.

Eit slott har tårn med spir. I slottet lever prinsen og prinsessa i sitt "kjærlighetsrede". Blomster, hjerter, seng, stjerne og vakkert bilde på veggen symboliserer deira lykke.
Inspirert av ordet SPIR.

Eg har reflektert over at vi må gje borna tid til å bli inspirerte. Ikkje alltid seie kva dei skal lage, men gje dei høve til å boltre seg i materiale og lage det dei finn på utfra ei historie eller eit tema. Hjelpe dei for å lære å meistre ulike teknikkar må vi derimot gjere. Vise dei, og la det også vere ein inspirasjon.