Det som inspirerte meg ved Notre Dame-katedralen var buane i vindua, elegante sjølv om det er solid, tungt materiale, og glassmaleria; fargesterke og detaljerte, - ein detaljert liten del av den store katedralen. Søylene ser slanke og detaljerte ut sjølv om det er store dimensjonar, og steinen i bygningen ser glatt ut.
Fyrste tanke var å mure relativt fritt. Dette prøvde eg, men fann det vanskeleg å få det
nøyaktig nok til å setje inn vindusopningane, som er linken til bilete av Notre Dame-
katedralen. Det var dessutan vanskeleg å få det stabilt nok, sidan steinane er relativt
runde.
Eg bestemte meg så for å lage veggar i tre bak, og så forblende veggane med stein,
festa med mørtel. For å hindre at det skulle falle av brukte eg netting som vart stifta fast på
treveggane. Når eg starta å mure fast stein tok eg ein vegg av gongen, og let det tørke før eg tok neste.
Jøsess, no imponera du. Litt av ein jobb du er igang med. Ser utrulig bra ut. Lykke til
SvarSlett