tirsdag 23. november 2010

Prøvde collagrafitrykk


På samlinga i veke 44 benytta eg sjansen til å prøve ut collagrafiteknikk til det todimensjonale arbeidet mitt. Eg brukte eit utsnitt med lite detaljar, der hovudfokus var på trestammen og gjerdet. Trestammen laga eg av krepp-papir noko som gav ein fin effekt, - såg nesten ut som ein ekte furustamme. Gjerdet laga eg av cordfløyel, som også gav fin effekt (trestruktur). Litt konturar av fjell og greiner og tre laga eg av bommulstråd, og eit stort tre av cordfløyel.
 
Eg valde å måle på fargen i staden for å valse, for å få tydlegare fram detaljane.
 
Collagen til venstre, og trykket til høgre. Eg er særleg fornøgd med trestammen!

onsdag 27. oktober 2010

Jobbar vidare...

Her er bildet som eg har som utgangspunkt; Landeveien, av Harald Sohlberg.

Eg laga ei skisse av eit nytt utsnitt, og utfrå den skissa måla eg ei måleri med akvarellfargar. Eg skisserte mønet på huset og elles svært lite før eg starta med målinga. Dette er ein heilt ny teknikk for meg. Synest det var vanskeleg å vite kor mykje vatn eg skulle ha, og var redd for at det skulle flyte saman for mykje. Det motsatte vart vel heller resultatet :)



søndag 17. oktober 2010

Overføringsverdi.

Her vil eg vise litt av det vi lærte på sist samling, i veke 38, overført til arbeid i barnehagen. Dette meiner eg er viktig for oss som studentar, at vi ikkje berre utviklar oss sjølve, men samtidig også brukar det i arbeidet med borna.
Sidan eg jobbar på småbarnsavdeling måtte det forenklast mykje, men det vart eit bra resultat, og borna hadde det kjekt. Vi brukte collage-teknikk, - med silkepapir som vi krølla saman til små "tottar". Desse limte vi på ark, der vi på førehand hadde teikna ein sirkel. Her innførte eg uttrykket sirkel frå fagområde tal, rom og form.
Det vi endeleg fekk som resultat av arbeidet var smilefjes. Dette passa godt sidan vi også arbeider med følelsar, og dukker med ulike uttrykk i ansikt og kropp.



 

Her ser vi korleis dette barnet på 2 1/2 år har laga smilefjes med collageteknikk.

1. eksamensoppgåve

Oppgåva går ut på å lage eit todimensjonalt arbeid i sjangeren kunstbilete.
Som utgangspunkt skal vi bruke eit kunsbilete, utforske og studere dette med omsyn til formalestetiske verkemiddel.
Eg har valt bilete "Landeveien" av Harald Sohlberg (1869 - 1935).
Han måla mykje frå Rondane, Røros, og frå Oslofjorden. Bileta hans er kjenneteikna av fargar, ofte sterke fargar, som han sjølv opplevde ut frå sinnstemningar. Dette vil eg kome attende til seinare.
Dette bilete som eg har valt å jobbe med utmerkjer seg med sterke fargar. Det gjev assosiasjonar til kveld og den norske landsbygda. Det er eit landskapsbilete med tydeleg perspektiv.

Det eg tenkjer om å arbeide med dette bilete er at eg vil prøve ulike teknikkar.
Eg har hittil laga skisse av eit utsnitt av bilete. Dette har eg laga eit naturbilete av. Eg samla ulike materiale i naturen og pressa dei for å unngå at dei vart krølla og tørka inn. Som bakgrunn måla eg himmelen og fjella lengst bak. Til dette brukte eg akvarell-farge og trelim.
Det vart fleire prosessar for å bli feredig med dette, og eg er spent på kor holdbart det er.

Her er eg ute og samlar materiale. Blad av Storkenebb her.

Her er bilde. Er bra fornøgd når eg ser det på avstand.

søndag 10. oktober 2010

Gruppearbeid som gav flotte resultat

Vi benytta to ulike teknikkar, og fekk to reproduksjonar med nytt uttrykk i forhold til det originale kunstbildet.

For å lage det fyrste, som var i pop-art-stil, av Roy Lichtenstein, brukte vi ein collageteknikk der vi klipte eller reiv frå ukeblad/aviser. På denne måten fekk vi eit spesielt uttrykk. Sidan vi lagde ein bit kvar (16 stk) vart det også litt skilnad frå bil til bit, som gjorde det spennande å sjå det ferdige resultatet.





Det andre var eit kunstbilete av Håkon Gullvåg. Her hadde vi fleire valgmogelegheiter: Lime på ulike papirmaterialer, måle oppå, og få fram overgangane. Dette var spennande.

søndag 26. september 2010

Lære nye teknikkar

I samlinga i veke 44 starta vi med å lære om grafiske teknikkar.
Grafikk tyder trykk, og her frå fylket har vi ein landskjend grafikar; Ludvig Eikaas.
Trykk er ein teknikk som også små born kan meistre då det kan vere så enkelt som fingertrykk, eller klisjetrykk ved hjelp av t.d. potet.
Trykketeknikkar var nytt for meg, eg har lite erfaring med dette faget generelt, men synest det er veldig spennande å lære, og å sjå kor flotte resultat vi får.Det fyrste vi prøvde var å lage ein collage som vi etterpå trykte som collagrafitrykk. Utgangspunktet var kunstkort som vi valde eit utsnitt av, og deretter laga skisse av. Denne skissa var så utgangspunktet for collagen. 



Her er kunstkortet som var utgangspunktet, utsnittet eg valde, og neders fleire trinn i prosessen: skisse til venstre, collage til høgre og to ulike forsøk på trykk i midten. Det viser godt at det eine er for svakt til å gje eit rett bilete av collagen, eg måtte ha meir farge, - noko som resulterte i at eg måla rett på collagen for å få tilført nok farge. Dette var ei erfaring, at det er fleire måtar å gjere det på: rulle på farge med valse, eller måle på farge.

Vi prøvde også på to ulike teknikkar monotypi:

Den til venstre er trykt etter å ha planda fargar med spatel på glasplate. For å få til den til høgre dekte eg glasplate med blekk ved hjelp av valse, prega mønsteret i målinga, og trykte! Begge desse teknikkane tenkjer eg har overføringsverdi. Det hadde gått fint å bruke dei i barnehagen. Også enkle collage hadde gått an å prøve. Veldig nyttig å lære, og kjekt å halde på med!

Lær og se, se og lær..

Dette var tittelen på oppgåva vi fekk, og jobba med, medan vi var på museet på Kaupanger.

Museet har meir enn 30 bygningar frå årestove til -80åras ferdighus. Der fins leikeplassar og aktivitetar for born, - blant anna kan borna få prøve seg på lafting. I sommarmånadane er der og dyr på museet, her representert ved to av dei:



Som utgangspunkt for oppgåva valde gruppa mi eit bilete av Knut Rumohr. Det er eit abstrakt bildete med sterke, klare fargar. Målsetjinga var at borna skulle bli inspirerte til sjølve å ville skape, og å gjere dei kjende med primærfargane. Vi har og med litt om formelement, som borna gjerne kan bli kjende med.

I etterkant av oppgåva tenkjer eg at det kanskje kan vere aktuelt å snakke om følelsar kring det å måle, som kanskje ville gje seg utslag i fargevalg, framgangsmåte og engasjement blant borna. 

onsdag 22. september 2010

Førsteinntrykk

Hallo, då er eg igang med bloggen min.
I starten av studiet fekk vi ei innføring i faget frå fleire vinklar:
Formelement og fargelære, estetiske funksjonar, - og korleis lage rom og volum i bilete?
Her fekk vi prøve oss på å lage bilete av linjer av ulikt slag, og setje dei saman så det vart rom i bilete.

I små grupper analyserte vi bilete (kunstkort). Vi føretok ei denotativ og konnotativ skildring av det vi såg. Vi laga ei slag veggavis (utstilling) av dette.



Vi var på besøk på museum, der vi fekk omvisning. Der var ein god atmosfære, det verka for at mange av oss treivs godt der!
Læraren vi hadde med oss snakka om kunst- og kunstformidling. Noko eg reflekterte over var at det å møte menneske og kan vere å møte eit kunstverk! Og at vi må vere opne- og sjå- for at kunsten skal møte oss (eller vi møte kunsten). Vi fekk orientering om lokale biletkunstnarar som var representert på museet. Etterpå fekk vi ei gruppeoppgåve som vi starta med straks. Vi tok føre oss eit bilete, og oppgåva gjekk ut på at vi skulle lage eit pedagogisk opplegg for bruk i barnehage rundt dette.