søndag 26. september 2010

Lære nye teknikkar

I samlinga i veke 44 starta vi med å lære om grafiske teknikkar.
Grafikk tyder trykk, og her frå fylket har vi ein landskjend grafikar; Ludvig Eikaas.
Trykk er ein teknikk som også små born kan meistre då det kan vere så enkelt som fingertrykk, eller klisjetrykk ved hjelp av t.d. potet.
Trykketeknikkar var nytt for meg, eg har lite erfaring med dette faget generelt, men synest det er veldig spennande å lære, og å sjå kor flotte resultat vi får.Det fyrste vi prøvde var å lage ein collage som vi etterpå trykte som collagrafitrykk. Utgangspunktet var kunstkort som vi valde eit utsnitt av, og deretter laga skisse av. Denne skissa var så utgangspunktet for collagen. 



Her er kunstkortet som var utgangspunktet, utsnittet eg valde, og neders fleire trinn i prosessen: skisse til venstre, collage til høgre og to ulike forsøk på trykk i midten. Det viser godt at det eine er for svakt til å gje eit rett bilete av collagen, eg måtte ha meir farge, - noko som resulterte i at eg måla rett på collagen for å få tilført nok farge. Dette var ei erfaring, at det er fleire måtar å gjere det på: rulle på farge med valse, eller måle på farge.

Vi prøvde også på to ulike teknikkar monotypi:

Den til venstre er trykt etter å ha planda fargar med spatel på glasplate. For å få til den til høgre dekte eg glasplate med blekk ved hjelp av valse, prega mønsteret i målinga, og trykte! Begge desse teknikkane tenkjer eg har overføringsverdi. Det hadde gått fint å bruke dei i barnehagen. Også enkle collage hadde gått an å prøve. Veldig nyttig å lære, og kjekt å halde på med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar