søndag 26. september 2010

Lære nye teknikkar

I samlinga i veke 44 starta vi med å lære om grafiske teknikkar.
Grafikk tyder trykk, og her frå fylket har vi ein landskjend grafikar; Ludvig Eikaas.
Trykk er ein teknikk som også små born kan meistre då det kan vere så enkelt som fingertrykk, eller klisjetrykk ved hjelp av t.d. potet.
Trykketeknikkar var nytt for meg, eg har lite erfaring med dette faget generelt, men synest det er veldig spennande å lære, og å sjå kor flotte resultat vi får.Det fyrste vi prøvde var å lage ein collage som vi etterpå trykte som collagrafitrykk. Utgangspunktet var kunstkort som vi valde eit utsnitt av, og deretter laga skisse av. Denne skissa var så utgangspunktet for collagen. 



Her er kunstkortet som var utgangspunktet, utsnittet eg valde, og neders fleire trinn i prosessen: skisse til venstre, collage til høgre og to ulike forsøk på trykk i midten. Det viser godt at det eine er for svakt til å gje eit rett bilete av collagen, eg måtte ha meir farge, - noko som resulterte i at eg måla rett på collagen for å få tilført nok farge. Dette var ei erfaring, at det er fleire måtar å gjere det på: rulle på farge med valse, eller måle på farge.

Vi prøvde også på to ulike teknikkar monotypi:

Den til venstre er trykt etter å ha planda fargar med spatel på glasplate. For å få til den til høgre dekte eg glasplate med blekk ved hjelp av valse, prega mønsteret i målinga, og trykte! Begge desse teknikkane tenkjer eg har overføringsverdi. Det hadde gått fint å bruke dei i barnehagen. Også enkle collage hadde gått an å prøve. Veldig nyttig å lære, og kjekt å halde på med!

Lær og se, se og lær..

Dette var tittelen på oppgåva vi fekk, og jobba med, medan vi var på museet på Kaupanger.

Museet har meir enn 30 bygningar frå årestove til -80åras ferdighus. Der fins leikeplassar og aktivitetar for born, - blant anna kan borna få prøve seg på lafting. I sommarmånadane er der og dyr på museet, her representert ved to av dei:



Som utgangspunkt for oppgåva valde gruppa mi eit bilete av Knut Rumohr. Det er eit abstrakt bildete med sterke, klare fargar. Målsetjinga var at borna skulle bli inspirerte til sjølve å ville skape, og å gjere dei kjende med primærfargane. Vi har og med litt om formelement, som borna gjerne kan bli kjende med.

I etterkant av oppgåva tenkjer eg at det kanskje kan vere aktuelt å snakke om følelsar kring det å måle, som kanskje ville gje seg utslag i fargevalg, framgangsmåte og engasjement blant borna. 

onsdag 22. september 2010

Førsteinntrykk

Hallo, då er eg igang med bloggen min.
I starten av studiet fekk vi ei innføring i faget frå fleire vinklar:
Formelement og fargelære, estetiske funksjonar, - og korleis lage rom og volum i bilete?
Her fekk vi prøve oss på å lage bilete av linjer av ulikt slag, og setje dei saman så det vart rom i bilete.

I små grupper analyserte vi bilete (kunstkort). Vi føretok ei denotativ og konnotativ skildring av det vi såg. Vi laga ei slag veggavis (utstilling) av dette.



Vi var på besøk på museum, der vi fekk omvisning. Der var ein god atmosfære, det verka for at mange av oss treivs godt der!
Læraren vi hadde med oss snakka om kunst- og kunstformidling. Noko eg reflekterte over var at det å møte menneske og kan vere å møte eit kunstverk! Og at vi må vere opne- og sjå- for at kunsten skal møte oss (eller vi møte kunsten). Vi fekk orientering om lokale biletkunstnarar som var representert på museet. Etterpå fekk vi ei gruppeoppgåve som vi starta med straks. Vi tok føre oss eit bilete, og oppgåva gjekk ut på at vi skulle lage eit pedagogisk opplegg for bruk i barnehage rundt dette.