søndag 17. oktober 2010

1. eksamensoppgåve

Oppgåva går ut på å lage eit todimensjonalt arbeid i sjangeren kunstbilete.
Som utgangspunkt skal vi bruke eit kunsbilete, utforske og studere dette med omsyn til formalestetiske verkemiddel.
Eg har valt bilete "Landeveien" av Harald Sohlberg (1869 - 1935).
Han måla mykje frå Rondane, Røros, og frå Oslofjorden. Bileta hans er kjenneteikna av fargar, ofte sterke fargar, som han sjølv opplevde ut frå sinnstemningar. Dette vil eg kome attende til seinare.
Dette bilete som eg har valt å jobbe med utmerkjer seg med sterke fargar. Det gjev assosiasjonar til kveld og den norske landsbygda. Det er eit landskapsbilete med tydeleg perspektiv.

Det eg tenkjer om å arbeide med dette bilete er at eg vil prøve ulike teknikkar.
Eg har hittil laga skisse av eit utsnitt av bilete. Dette har eg laga eit naturbilete av. Eg samla ulike materiale i naturen og pressa dei for å unngå at dei vart krølla og tørka inn. Som bakgrunn måla eg himmelen og fjella lengst bak. Til dette brukte eg akvarell-farge og trelim.
Det vart fleire prosessar for å bli feredig med dette, og eg er spent på kor holdbart det er.

Her er eg ute og samlar materiale. Blad av Storkenebb her.

Her er bilde. Er bra fornøgd når eg ser det på avstand.

2 kommentarer:

  1. Så fint det ble, er det bare fra naturen foran i bildet? hvilken størrelse er bilde? dette gav meg en ide til å prøve det i bilde mitt, får ut å plokke blader før snøen kommer :-)

    SvarSlett
  2. Eg laga det på et A3-ark, men det vart litt feil proporsjon, så eg klipte av ca 5 cm på høgda.
    Det som ikkje er naturmateriale er himmelen og dei lilla fjella. Resten er måla grønt under, som bakgrunn...

    SvarSlett