torsdag 28. april 2011

Prosess




Det som inspirerte meg ved Notre Dame-katedralen  var buane i vindua, elegante sjølv om det er solid, tungt materiale, og glassmaleria; fargesterke og detaljerte, - ein detaljert liten del av den store katedralen. Søylene ser slanke og detaljerte ut sjølv om det er store dimensjonar, og steinen i bygningen ser glatt ut.
Fyrste tanke var å mure relativt fritt.  Dette prøvde eg, men fann det vanskeleg å få det
 nøyaktig nok til å setje inn vindusopningane, som er linken til bilete av Notre Dame-
 katedralen. Det var dessutan vanskeleg å få det stabilt nok, sidan steinane er relativt
 runde.  


Eg bestemte meg så for å lage veggar i tre bak, og så forblende veggane med stein,
festa med mørtel. For å hindre at det skulle falle av brukte eg netting som vart stifta fast på
 treveggane.  Når eg starta å mure fast stein tok eg ein vegg av gongen, og let det tørke før eg tok neste.

lørdag 23. april 2011

Ulike teknikkar i arbeid med barn

I praksisbarnehagen fekk eg prøve ut ulike teknikkar i forbindelse medformingsarbeidet til påskemarkeringa. Vi laga Jesu grav der vi nytta collage i ulike materialer. Sjølve grava laga vi av "isoporstein", ein liten assosiasjon her til 3D-arbeidet mitt der stein er materiale. Akkurat i dette arbeidet vart det imidlertid eit todimensjonalt produkt. Barna var ivrige, sjølv om det tok nokså lang tid før vi vart ferdige med å lime på alle steinane. Her ser de resulatatet.

søndag 10. april 2011

Endeleg kom eg i gang...

Snøen er borte og under den fann eg det eg vil prøve å lage 3D arbeidet mitt av. I dag har eg gjort eit forsøk, og funne ut forskjellige hjelpemiddel eg må ta i bruk.


Elvestein


Berre ein liten prøve.....

Eg brukar stein frå Lågen, lokalt naturmateriale. Det eg erfarte ved dei to små prøvane eg laga i dag var at eg må ha forstøtning bak slik eg har her. Elles må eg bruke ein slag lim. Her brukar eg mørtel. Linken til Notre Dame katedralen har ikkje inntrådt ennå. Det må eg prøve neste gong....

fredag 8. april 2011

På tide med ei oppdatering

Praksisperioden er hektisk, men det betyr ikkje at eg ikkje tenker.... Materiale eg har valt til 3D-oppgåva har lege under snøen til no, så det har drøya før eg kunne kome i gang. Skisse og mal har eg laga, og planane er klare.
Utgangspunktet mitt er Notre Dame katedralen i Rouen - Frankrike, med sine karakeristiske vindu.
Dessverre får eg ikkje til å legge inn bildet av det.....


Førebuing

Eit landskap tek form

2D -oppgåva ser eg meg som ferdig med. Bilde av prosessen her.