Så var det vindusopningane. Eg laga rammer til å sette inn, av oasis, og har planen klar for korleis eg skal få til dette. Håpar berre at den fungerer! Vindu skal ha motiv med inspirasjon frå dei fire elementa. I antikken trudde dei at verden var oppbygd av desse fire; ild, luft, jord og vatn. Sjølv om vitenskapen var komen lenger, også då Notre Dame-katedralen vart bygd, kan desse jordnære symbola stå som linkar mellom det verdslege og det religiøse som kyrkjebygningar representerer. Elementa er heller ikkje ukjende i religiøse samanhengar.
Dette er ein blogg for dokumentasjon av arbeidsprosessar, tankar og idear i forming, kunst og handverk på førskulelærarstudiet. Bloggen skal berre innehalde faglege refleksjonar, og vise noko av det vi/eg held på med i faget. Eg vil og legge inn erfaringar med bruk av dette i barnehagen.
fredag 6. mai 2011
Så jobbar eg vidare!
Etter at veggane var ferdige fann eg ut at det måtte vere eit slag tak på, elles ville det kome til å sjå rart ut. Eg laga ei ramme av breie lister som eg limte saman. Så la eg på netting. Opp på dette laga eg mønster av stein og mørtel. Blomster er også ein link til Notre Dame-katedralen, då der øvst i nokre av vindua er blomster. Eg fekk merke at det var naturmateriale eg jobba med: ikkje like store stein og veldig runde... Det vart ikkje heilt symmetrisk og beint, men til saman eit tilfredsstillande resultat. Etter at taket var ferdig fann eg ut at der må vere ein slag kant eler gjerde rundt det flate taket. Det brukar jo å vere det på slike tårn. Det blir ei utfordring å finne ut kva det skal lagast av...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dette var imponerande, Guri.
SvarSlettSå fantastisk flott, tenk at det går an med den norske gråsteinen :-)
SvarSlettguuuuuuri :P malla!
SvarSlettimponerande!